SmiB i Studvest

Studvest skreiv ei sak om Rammsund som hadde sin siste konsert i Bergen.

Eg fekk ein telefon for to dagar sidan og vart spurt om å koma med ein kommentar til at «Rammsund har sagt nynorsken har eit imageproblem».

Frå Ram svanesong i Studvest:

Odin Hørthe Omdal, leiar av Studentmållaget i Bergen, har berre gode ord å sei om bandet.

– Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier han, og fortel at studentmållaget også har spandert billettar til Rammsund-konsertar på medlemmane sine.

Eg hadde nok aldri sagt nett det, men det er no ei slags omskriving av noko eg sa med fleire ord. Dessutan legg eg aldri ordet ­«målform» i min munn, og kallar nynorsken eit eige språk slik han òg er.

Men i det heile teke ei koseleg og fin sak av Studvest, og moro at dei spurte oss om meininga vår.

Dagverd er ferdig og fri

Den syrlege og sarkastiske avisi vår, Dagverd, er ferdig. Avisone ser kjempeflotte ut. Du kann finna dei på studentsenteret, Kvarteret og på kontoret vårt. Elles so kann me senda avisene utan problem òg.

Dagverd hev fengje si eigi, «flotte» netside òg.

http://dagverd.nynorsk.no/

Studentsamling!

I dag startar ho. Me har òg fått den syrlegsarkastiske nynorskavisi vår, Dagverd, i frå trykkeriet! Få ho på samlingi :D

Her er det oppdaterte programmet (alt som ikkje er spesifisert annanstads hender på St. Pauls):

Fredag

17.00 – Nokon kjem til å kome, innsjekking
– Middagen klar, me er klare
18.30 – Velkomen!
19.00 – Verta kjent-leik
20.00 – Slepp av Dagverd!
20.30 – Kveldsverd
21.00 – Fart og smell
24.00 – Tystnad

Laurdag

09.00 – Frukost + niste til utferd
10.00 – Arnfinn Kolerud, forfattar av Når ein fyrst skal skyte nokon
11.30 – Maskinomsetjing, nynorsk–bokmål, Kevin Unhammer
12.00 – Tur på Fløien
14.00 – Nynorskkurs med Kristin Fridtun (på studentsenteret, seminarrom B)
16.30 – Fri fram til middag
17.30 – Middag.
19.00 – Kviss med Helge Jordal (på Kvarteret)
21.00 – Fritt vilt
23.00 – Nattverd (for dei svoltne)

Sundag

09.30 – Frukost
10.00 – Stadnamsnormering, Ole Jørgen Johanessen
11.30 – Idémyldring, samarbeid mellom (student)mållaga – og korleis aktivera ikkje-aktive medlem?
13.00 – Dugurd og avslutning
14.00 – Utsjekk

Store ting i gjære…

Redaksjonen i Dagverd, overraska av fotograf i innspurten til nyaste utgåve

Hildegunn Ferdafusdottir har stilt viljug upp til bilete. Lett å sjå korleis engasjementet ljoser frå dette grepa kvinnfolket.

Men kva er eigentleg Dagverd, og kvifor har dei ein «redaksjon»?

Årsmøte i Studentmållaget + mat (komande tysdag) :D

Eg gløymde å skriva tid i eposten (gah!), men det er altso kl. 18.

TID: Tysdag 15. februar, kl. 18 KVAR: Nygårdsgaten 1B, 3. etasje.

Leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård kjem! Woo, kjendis! … nesten :D

Me tenkjer å tinga mat (truleg pizza) og ymse drykk til. Møtet er forresten opent for alle utanom beint fram nynorskhatarar.

Mobilnummeret mitt er 93 24 37 25, dersom det er noko.

Framlegg til sakliste

  1. Opning
    – Val av ordstyrar og møteskrivar
  2. Årsmelding
  3. Økonomi
  4. Arbeidsplan for 2011
  5. Val
    – Styre (leiar, nestleiar, økonomiandsvarleg, styremedlemer)
    – Utsendingar til landsmøtet i NMU (25.-27. mars)
    – Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag (8.-10. april)
  6. Ymse


Vis større kart

Fleirspråk eller einfald, med Håvard B. Øvregård

Me har invitert leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, til å prata om fleirspråk eller einfald; om morsmålsopplæring, sidemålshat og mykje i mellom. Vert språk verdsett i Noreg?

Det heile skjer komande tysdag (26. oktober), kl. 19.00-20.00. So, kom-kom. Håvard er ein god talar, so det er ikkje noko du vil gå glipp av.

Heilhus; DJ Aasen: Norsk på ekte norsk, vellukka

På laurdag skipa brukarorganisasjonane til eit heilhus på kvarteret. Me er visstnok ein brukarorganisasjon, so me vart med og hadde Maos vesle raude-rommet frå kl. 21 heilt til me stengde baren 02.00. Folk sat inne hjå oss til 02.30 fyrr me rydda rommet heilt.

Norsk på ekte norsk (DJ Aasen)

Me hadde altso «norsk på ekte norsk», der me spelte norskspråkleg musikk. Og med «ekte»-varianten so tyder berre det at me ekskluderte alt som var for bokmålsnært. Me spelte t.d. Ravi, av di han syng på austfoldsmål (som me godt kan høyra meir av!), men ikkje DeLillos (Oslo vestkant) eller Marte Wulff (bokmål med kristiansandsk tonefall). Me er sjølvsagt ikkje mot musikken deira, men, vel, dette var vårt arrangement og då ville me konsentrera oss om det som er mest interessant for oss ;-)

Fisking

Me hadde fisking, som de truleg kjenner frå barneselskap i ungdomen. Der fekk folk godteri og ymse nynorsk tilfang. Overraskande nok viste det seg å fungera ganske bra (var berre eg som var overraska, forresten). Folk såg ut til å lika det. Spesielt i byrjingi då Helene var veldig flink til å dra inn folk som stod i døropninga og lurte på om dei turte å gå inn.

Korleis gjekk alt saman?

Heilt frå starten av var det god stemning. Eg ville ikkje tru at folk kom før sein-seint, som normalt her i Noreg (forspel, altso :/ ), men det var oss 5 frå SmiB pluss 2-6 andre der inne heile tidi. Sidan Maos vesle raude er eit so lite rom so treng du ikkje so mange folk for at det skal sjå moro ut.

På det meste hadde me vel truleg rundt 20 dansande folk i rommet. Det var dansing omtrent utan stopp heile tidi; nesten 5 timar!

Halvvegs uti vart me vitja av nokon som digga trønderrock. Eg trur den demografien er ganske lite tilfredsstilt i Bergen by, so dei spurte heile tidi om meir Åge Aleksandersen, DDE osb. Dei var med oss til slutten. Det vart kanhenda litt mykje til slutt :P Sjølvsagt ispedd ein heil del annan norsk dansemusikk.

Me spelte mykje av:

  • Valkyrien Allstars
  • Kvelertak
  • Kaizers Orchestra
  • Odd Nordstoga
  • Tog
  • Lars Vaular
  • Casiokids
  • Skambankt
  • Hellbillies
  • Hopalong Knut
  • John Olav Nilsen og gjengen
  • Rammsund
  • Gåte
  • DDE

Og mange-mange fleire…

Til slutt

Det heile gjekk altso veldig bra. Sers vellukka. Det var ikkje mykje jobb, og det var veldig koseleg. Det var ikkje fullt rom (rommet tek 30 stk), men heile heilhuset var ikkje so veldig mykje blesta, og det var ikkje so mange folk totalt på bygget.

Fekk tilogmed høyra frå ein av dei tilsette at me hadde det livlegaste rommet! ;D

Til slutt ein kort video frå 22-ish på kvelden. Det ser ekstremt mørkt ut, men det er berre objektivet eg brukar til kamera som er so ekstremt lite ljossensitivt (hadde ikkje andre med meg).

Oi, videoen er /skikkeleg mørk og dårleg/, det ser eg no, jaja. Han viser litt stemning ;]

Heilhus i morgon (i dag)!

Me er (laurdag kl. 21.00–) i Maos vesle raude. Her skal me spela Norsk på ekte norsk. Dvs. på øvste hylla er musikk med nynorsk sangtekst, på ant øvste hylla er songar på ikkje-oslo-vest-dialektar.

Med andre ord speler me Ravi (austfold!), men ikkje t.d. DeLillos eller Marte Wulff (diverre høyrast det ganske bokmålsk ut, men ho er i ♥ lell!)

Utruleg koseleg om du kjem ;-)

Vert vel truleg litt kaféstemning i starten, og so speler me dansbar musikk utyver, dersom noko skulle kjenna trongen. Vonar det, i so fall.

Veit ikkje heilt om Maos vesle raude eignar seg for slikt då? Då får me i so fall berre visa at me klarar det likevel. Og, hugs, me kan ikkje taka kort der, so ha med kontantar (evt. berre kjøp i ein annan bar).

To Valkyrien Allstars-konsertar

Sist fredag var me på konsert med Valkyrien Allstars. Me klarte å få 50 kr rabatt frå Hulen, det kom 4-5 medlem utanom oss 6 i styret. Me selde 2 EGNYNORSK-t-skjorter, og kunne seld fleire dersom folk hadde hatt meir lommepengar. Me høyrde mange godord om dei.

Bilete teke på konserten av Elisabeth Almighty.

Sidan me brukte t-skjortene som ein samla gjeng på ein konsert, vart det likevel litt vel uniformete. So det kunne diverre sjå ut som om me hadde bryte oss ut frå ein institusjon. Det er noko me må hugsa til neste gong; folk må ikkje ha heilt like klede. Farge- og motivforskjellar er ein veldig bra ting. Heldigvis gjekk me ikkje alle i det same, so det gjekk bra ;-)

Konsert, nr 2

Same dag, ein god del timar seinare, spelte Valkyrien ein minikonsert på Det Norske Teatret for Studentmållaget i Oslo sitt 110-års-jubileum. Denne gongen brukte Tuva t-skjorta ho hadde fengje av oss etter konserten på Hulen.

Sers moro for oss ;-)

Pønsk + Valkyrien (rabatt!)

I morgon (1. september) har me pønskekveld for å finna ut kva me skal gjera frametter. Kom innom!

  • Ta deg ein munkholm/kaffi/saft/hansa eller kva-har-du.
  • Funder på kva me skal gjera frametter.
  • Få signert medlemsprov slik at du får 50kr rabatt på Valkyrien Allstars-konserten på fredag.
  • Få (evt. kaup) t-skjorte til konserten dersom du ikkje allereie har.

Stjernesalen frå kl. 20. Eg tek på meg ei nynorskrelevant t-skjorte slik at det vert lett å sjå oss. :-)

Me sit der minst ein time. Kjem sikkert litt tidlegare òg.

Ring meg/send melding viss du føler for det. 93 24 37 25 :-)

Valkyrien Allstars-konsert på fredag 3. september

Hola (Hulen) har vore so greie å gjeve oss 50kr i rabatt på billettane til Valkyrien Allstars no på fredag. Du må diverre ha med deg medlemslappen som prov, men fortvil ikkje dersom du som alle andre har mista han; me kan laga ein ny til deg viss du:

  • Kjem innom på pønskekvelden på Kvarteret, onsdag 1. september kl 20
  • Kjem på før-konserten-henging hjå Diederik, (eg drikk saft, andre øl, ta med det du vil, Professor Hansteens gate 85, 100m frå Hola) kl. 19-21.
  • Møter opp utanfor Hola litt før 21
  • Eventuelt sender epost/ringjer for å få skaffa prov (93 24 37 25 / smib hjå nynorsk.no)

Konserten startar 22.30, men det vert truleg fullt, so me møter opp 21 for å vera trygge på å få billett.

Kult viss so mange som mogleg kjem i nynorskrelevante t-skjorter ;-) (Helst gjer det!) Me tek med oss t-skjorter som er gratis (SmiB-t-skjortene) og som kostar litt (EGNYNORSK) der me er.

So sjåast me på før-konsert-henging hjå Diederik, eventuelt rett på konserten!