Om oss

Studentmållaget i Bergen jobbar for nynorsk. Og me ynskjer å gjera det på ein positiv måte, for det er berre slik me er.

Du kan nå oss på epost, smib hjå nynorsk.no, og leiar Odin på telefon 93 24 37 25.

Me har kontor i 3. etasje i Nygårdsgåten 1B (NG1B), saman med ein del andre organisasjonar. Det er lurt å melda seg på epostlista vår (den aktive), for å få informasjon om ting som skjer.


View Larger Map

Styret, vår 2011

Leiar: Odin Hørthe Omdal
Nestleiar: Martin Årseth
Skrivar: Ida Haugum
Økonomiandsvarleg: Lisa Marie Ovesen
Styremedlem: Helene Urldand Karlsen
Styremedlem: Olav Åsen Haugsgjerd

Litt frå SmiB på wikipedia

Studentmållaget i Bergen eller SmiB er eit lokallag i Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har som føremål å arbeide for nynorsken blant studentar og akademikarar i Bergen. SmiB har heile tida hatt Universitetet i Bergen som kjerneområde.

SmiB vart skipa i 1946. I fyrste perioden var aktiviteten meir allmennkulturelt prega, og det å skape eit miljø for målstudentar var viktig. Såleis hadde ein vitjingar av forfattarar og fokus på litteratur. I tillegg var ein oppteken av måljamstilling ved Universitetet i Bergen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Meld deg inn

    Du kan melda deg inn i SmiB hjå Norsk Målungdom (skriv SmiB i frifeltet).

  • Gratis Nei takk- klistremerke

  • Syrleg-sarkastisk nynorskavis

    Me har laga ei syrleg og sarkastisk nynorskavis, Dagverd.