Author Archives: Ida Haugum

Verveveke!

Neste veke er det “lagveke” i vervekampanjen – dette vil seia at det lokallaget som vervar flest i løpet av denne veka får ein gjev premie (i tillegg til dei andre premiane, sjølvsagt). Så om de sit og rugar på nokon vervelappar, er det strategisk å senda dei inn innan neste veke.

Om de driv og sparar til ei spesiell vervegåve, kan de sikkert senda med ein beskjed om dette, slik at de “slepp å bli premierte” før de har verva nok. Slik kan de likevel senda inn dei de har verva no, og verva vidare mot målet etterpå. Om det var forståeleg.. :)

Vellukka aksjonar

Nattaksjon

Siste krampetrekning før valet – me dekte Bergen med sidemålsplakatar:

nattaksjon4w

Trass mykje regn fekk dei fleste hengja fram til valdagen. (Det sterke limbandet er frå Clas Ohlson, greitt å vita til seinare aksjonar) Nokre plakatar fekk jamvel hengja på “partitorget” nede på Torgalmenningen. Mange takk til Raudt for det!

Mykje gjev plass i augehøgd på plakatsøyla ved stasjonen: nattaksjonw

Og me utnyttar alle opningar i plakatlandskapet ved musikkpaviljongen (merk teknikken): nattaksjon1w

Dag og Tid-aksjon med vaflar

Onsdag 16. september stod me i borggarden på Sydneshaugen skule og delte ut nynorske vaflar og Dag og Tid. Ein uslåeleg kombinasjon – i eittida var me tomme for både aviser og vaffelrøre, og måtte avslutta aksjonen før planlagt.

vafleaksjon1w

Me fekk til og med nokon nye medlem i laget! Fantastisk!

Ei lita mengd aviser tok me med opp på lærarhøgskulen. Det var ikkje nett like lett å dela ut aviser her, men det skuldast sikkert tidspunktet (for seint på dagen) og fråværet av vaflar (ikkje lov, grunna ein aktiv brannvarslar).

Aksjon!

Onsdag vert det SmiB-aksjon på Sydneshaugen skule! Me stiller med (gratis) vaflar og aviser, og satsar på å vera i gang før kantina for optimal effekt og lite konkurranse. Føremålet med aksjonen er stort sett berre å syna at me finst, og å gleda studentane med eit godt alternativ til Studvest, nemleg Dag og Tid.

Me er truleg å finna i portalen heile føremiddagen, vaflar så lenge røra rekk :)

Kronikk frå BT

Ein kronikk av Erlend Bakke, som tek opp tilhøvet mellom makt og språk i Noreg, samt bergensarane sitt tilhøve til nynorsk.

(Teksten den refererer til fann eg ikkje.)

Matpakkesamling

I haust vert det matpakkesamling torsdagar klokka 12 ( + akademisk kvarter for dei som treng det). Staden er førebels kantina på studentsenteret, Nygårdshøyden. Ta med deg skiva di og kom!

matpakke

Medlemsmøte

Det vert medlemsmøte i SmiB onsdag 26. august klokka 18:00. Møt opp ved bjørka utanfor HF-fakultetet (bak Johanneskyrkja).

Førebels saksliste: 1. Val av representant til studentutvalet Om studentutvalet: «Studentutvalet skal arbeide med spørsmål som er relevante for nynorskbrukande studentar, og prøver i år å stable på beina ein solid og målretta studentpolitikk» 2. Aksjonar i haust «Dag og Tid»-aksjon. Me deler ut aviser og får pengar til laget.

Vafleaksjon. Me deler ut vaflar for å gleda studentar og syna at me finst. (Ein slager) 3. Studentsamling i Oslo 10. – 11. oktober Denne veit me ikkje så mykje om. Gjer du?

4. Framtida til matpakkesamlingane Kvar? Kortid?

5. Stoda til SmiB Korleis står det med styret og økonomien til SmiB?

Exphil-ordliste

Medan me ventar på å få meir Exphilpensum og -bøker på nynorsk, kan me setja saman ei ordliste med omsetjingar til alle dei vanskelege bokmålsorda frå emnet.  Kom gjerne med framlegg til nye ord og betre omsetljingar i kommentarfeltet (å redusera talet på heit-ord hadde vore kjekt). Dette er dei problemorda eg fann i mine eigne papir, og det er ikkje sikkert at alle omsetjingane er særleg gode heller.

Exphil frå bokmål til nynorsk:

(frå Exphilvarianten på HF)

ALFA

allmenngyldighet – naturlov, allmenn, (allgjeldande, grunnleggjande, overordna), sanning, allgildskap

anskuelse – synsmåte, synspunkt, oppfatning, overtyding, tanke(bilete), tenkjemåte, tru, haldning, omdømming, forestilling, inntrykk (oppfatning) av

anskuelsesformer (– tid og rom) – synsmåtar, oppfatningar, forestillingar o.s.b.(jfr. over)

begivenhet – (stor)hending, særtilfelle, særsyn

begrep – omgrep

begrunne – grunngje, godtgjera, prova, underbyggja, forklara

betingelse – føresetnad, vilkår, atterhald, eigenskap, bakgrunn, grunnlag, kvalifikasjon

bevissthet – medvit, merksemd, innsyn, innsikt, omdømme, skjøn, forståing

enhetsvitenskap – einheitsvitskap, einskapsvitskap,

erkjennelse(-prosess, -former) – kunnskap, lærdom, innsyn, innsikt, sannkjenning, sanning

utsagn – fråsegn, påstand

viten – innsyn, innføring, innsikt, kjennskap, (sak)kunnskap, (bok)lærdom, røynsle, klokskap, visdom

BETA

avgjørbarhet – avgjerbarheit

beskrivelse – skildring, forklaring, definisjon, omtale, beskriving

betegnelse – nemning, namn, kjennemerke, symbol

betydning – tyding, meining

bruksmåtebeskrivende (om definisjonar) – bruksmåteskildrande

enighet – semje, einigheit, forlik, samtykke

flertydighet – fleirtydnad, fleirtydigskap

forbindelse – samband, sambinding, bindeledd gyldighet – gyldigheit,

hensiktsmessig – (føremåls)teneleg, gagnleg, høveleg, nyttig

holdbarhet – haldbarheit, sanningsverdi, sanningsverd, sanningsinnhald, truverd, hald

holdbarhetsargument – haldbarheitsargument, sanningsverd(i)argument, truverdargument o.s.b. (jfr. over)

medlidenhetsargument – medkjensleargument, medynkargument

overensstemmelse – semje, samsvar, einigheit, forlik, samtykke

presishet – presisheit, eintydigheit

saklighet – saklegheit, saklegskap, saktruskap, rettvise

skikkelse – skapning, figur

skinnenighet / -uenighet – falsk semje / usemje

tolkning – tolking

vaghet – vagheit

virkningsangivelse – verknadsgjeving, -melding, – nemning

årsaksangivelse – årsaksgjeving, – melding, – nemning

Hugs å gjera greia for det i teksten din når du vel å nytta omsetjingar som ligg langt frå bokmålsordet. Det kan jo vera at rettleiaren din ikkje kjenner til dei nynorske alternativa! Dette kan ein til dømes gjera i ein fotnote: “i denne teksten har eg valt å omsetja “holdbarhetsargument” med ordet “truverdargument”.”

Freistnad på røysting

Dette var ikkje berre enkelt, og utforminga vart ikkje så frekk og fin som planlagt, men stem likevel :)

(kom gjerne med framlegg til klokkeslett under innlegget!)

[polldaddy poll=1802170]

Hurra!

For Studentmållaget i Oslo sin parole i 1. mai-toget, som kom på trykk i Aftenposten med nynorsk bilettekst. (Nr 7 i biletserien)

Ikkje verst!

Kjelde

Nynorskbar!

Bergen Mållag arrangerar nynorskbar på Logen Bar imorgon, tysdag 5. mai, klokka 19:30.

“Skulemålsskrivar Ingar Arnøy snakkar om korleis mange er for kulturelt mangfald, men mot nynorsk.”

Gratis inngang.