Monthly Archives: September 2011

Niste og kviss

Studentmållaget har pønska seg fram til to lågterskelaktivitetar me vil freista gjera kvar veke denne hausten; matpakkesamling og kviss-krasjing.

Matpakkesamlinga finn stad tysdagar kl. 12, på studentsenteret. Matpakkesamlingane er uformelle samlingar med niste og drøs. Drøsen går om alt mogeleg, men siste nytt på nynorskfronten plar koma opp. Me oppmodar SmiB-ar på mindre sentrumsnære skular til å skipa til eigne samlingar, t.d. må det vera råd å få i stand noko på medisin og lærarhøgskulen. Nokon frå styret kan sikkert vera med å starta opp viss interessa er der, so sei frå til oss!

Kviss-krasjinga vil nok variera litt frå gong til gong, sidan idéen går ut på at SmiB deltek (og hevdar seg) på kvissane til andre organisasjonar og lag. Dei vert varsla etter kvart. Fyrstkomande kviss-krasj er i morgon, tysdag 13.9, kl 20 på Kvarteret! Eg fann ikkje meir informasjon om denne kvissen, men han er vel anten i Stjernesalen eller i puben nede.

Vel møtt til båe hendingane! Me treng mange SmiB-ar både for å eta nista og for å hevda oss på kviss!

Pønsk og kino på torsdag

PØNSK Torsdag 8/9 er det duka for pønskarkveld i studentmållaget! Me legg duken i Stjernesalen på Kvarteret klokka 18:00 (det er lov å komma rekande etter kvart, me vert der ei god stund) og idémyldrar saman om kva me vil gjera i haust. Me vonar mange tek turen, særleg nye medlem og de som kanskje har lyst å verta med i laget. De har sikkert mange gode idéar, som me gamle inngrodde SmiB-ar ikkje har tenkt på! Det er heilt uforpliktande og ikkje fårleg i det heile teke å koma på pønsking med oss! Vil du vera med å finna på kjekke ting med/på/kring nynorsk i haust, er det her planane vert lagde!

KINO Når me har pønska lenge og vel, og kanskje endåtil spela eit spel, dreg me i samla lag frå pønskekvelden og ser “Få meg på for faen” på kino. SmiB sponsar kinoen for medlemar! Det er såleis kjekt om de som har tenkt å vera med på kino kjem tidleg til pønskinga, slik at ein frå styret kan gå og raska til seg billettar i god tid :)

Me gler oss!