-
Recent Posts
Recent Comments
Archives
Categories
Meta
Monthly Archives: August 2009
Kronikk frå BT
Ein kronikk av Erlend Bakke, som tek opp tilhøvet mellom makt og språk i Noreg, samt bergensarane sitt tilhøve til nynorsk.
(Teksten den refererer til fann eg ikkje.)
Posted in Ymse
Leave a comment
Matpakkesamling
I haust vert det matpakkesamling torsdagar klokka 12 ( + akademisk kvarter for dei som treng det). Staden er førebels kantina på studentsenteret, Nygårdshøyden. Ta med deg skiva di og kom!
Medlemsmøte
Det vert medlemsmøte i SmiB onsdag 26. august klokka 18:00. Møt opp ved bjørka utanfor HF-fakultetet (bak Johanneskyrkja).
Førebels saksliste: 1. Val av representant til studentutvalet Om studentutvalet: «Studentutvalet skal arbeide med spørsmål som er relevante for nynorskbrukande studentar, og prøver i år å stable på beina ein solid og målretta studentpolitikk» 2. Aksjonar i haust «Dag og Tid»-aksjon. Me deler ut aviser og får pengar til laget.
Exphil-ordliste
Medan me ventar på å få meir Exphilpensum og -bøker på nynorsk, kan me setja saman ei ordliste med omsetjingar til alle dei vanskelege bokmålsorda frå emnet. Kom gjerne med framlegg til nye ord og betre omsetljingar i kommentarfeltet (å redusera talet på heit-ord hadde vore kjekt). Dette er dei problemorda eg fann i mine eigne papir, og det er ikkje sikkert at alle omsetjingane er særleg gode heller.

