Årsmøte

SmiB skipar til årsmøte onsdag 1. februar klokka 19. Møtestad er kontoret vårt i Nygårdsgata 1b. Sjå kart her. Vel møtt!

Førebels saksliste:

  1. Årsmelding
  2. Økonomi
  3. Val av nytt styre
  4. Den nye tufta til NMU
  5. Aktivitetar i 2012
  6. Ymist

Kom gjerne med framlegg om saker du ynskjer å drøfta på møtet!

Posted in Hendingar | Leave a comment

Niste og kviss

Studentmållaget har pønska seg fram til to lågterskelaktivitetar me vil freista gjera kvar veke denne hausten; matpakkesamling og kviss-krasjing.

Matpakkesamlinga finn stad tysdagar kl. 12, på studentsenteret. Matpakkesamlingane er uformelle samlingar med niste og drøs. Drøsen går om alt mogeleg, men siste nytt på nynorskfronten plar koma opp. Me oppmodar SmiB-ar på mindre sentrumsnære skular til å skipa til eigne samlingar, t.d. må det vera råd å få i stand noko på medisin og lærarhøgskulen. Nokon frå styret kan sikkert vera med å starta opp viss interessa er der, so sei frå til oss!

Kviss-krasjinga vil nok variera litt frå gong til gong, sidan idéen går ut på at SmiB deltek (og hevdar seg) på kvissane til andre organisasjonar og lag. Dei vert varsla etter kvart. Fyrstkomande kviss-krasj er i morgon, tysdag 13.9, kl 20 på Kvarteret! Eg fann ikkje meir informasjon om denne kvissen, men han er vel anten i Stjernesalen eller i puben nede.

Vel møtt til båe hendingane! Me treng mange SmiB-ar både for å eta nista og for å hevda oss på kviss!

Posted in Hendingar | 2 Comments

Pønsk og kino på torsdag

PØNSK Torsdag 8/9 er det duka for pønskarkveld i studentmållaget! Me legg duken i Stjernesalen på Kvarteret klokka 18:00 (det er lov å komma rekande etter kvart, me vert der ei god stund) og idémyldrar saman om kva me vil gjera i haust. Me vonar mange tek turen, særleg nye medlem og de som kanskje har lyst å verta med i laget. De har sikkert mange gode idéar, som me gamle inngrodde SmiB-ar ikkje har tenkt på! Det er heilt uforpliktande og ikkje fårleg i det heile teke å koma på pønsking med oss! Vil du vera med å finna på kjekke ting med/på/kring nynorsk i haust, er det her planane vert lagde!

KINO Når me har pønska lenge og vel, og kanskje endåtil spela eit spel, dreg me i samla lag frå pønskekvelden og ser “Få meg på for faen” på kino. SmiB sponsar kinoen for medlemar! Det er såleis kjekt om de som har tenkt å vera med på kino kjem tidleg til pønskinga, slik at ein frå styret kan gå og raska til seg billettar i god tid :)

Me gler oss!

Posted in Hendingar | Leave a comment

Kven er SmiB, og kvifor er me best?

Gilde student!

Her er informasjonen me sende ut til dei som skreiv seg opp på e-postlistene våre på studenttorget 16/8. Me vil gjerne dela han med så mange som råd, difor legg me han ut på bloggen òg. Her får du ein kort presentasjon om laget, kva me har gjort dei siste semestra, og kva for planar me so langt har for hausten.

Kven er me, og kva gjer me? Me er ein god gjeng med unge nynorsktilhengjarar. Me er opptekne av god språkbruk, av å gje merksend til nynorsken og dei norske dialektane, av å sikra studentar mot språkleg diskriminering; Du skal få eksamenen din på det språket du er oppmeldt med, og språket i eksamensoppgåva skal vera godt! Du har rett til å klaga om eksamen er på feil språk, og likeins kan du klaga om språket i eksamensoppgåva er dårleg – dette er det ikkje alle som veit, so ein viktig del av arbeidet vårt er å opplysa om desse rettane. Likevel, det aller viktigaste for oss har heile tida vore å ikkje verta keisame og sure pessimistar (slik stoda gjerne er i dei noko eldre mållaga) – SmiB er positive i alt me gjer! Snok rundt her på bloggen og på facebooksida vår for å finna ut meir.

Kva har me gjort dei siste semestra? SmiB skryt ikkje om me seier me har vore det beste studentmållaget dei siste åra, det har me jamvel fått to diplom på. Dette er grunnen/grunnane:

  • Me har mellom anna ry på oss for å skipa dei beste studentsamlingane, den siste no i vår (Sjå programmet for førre samling).

  • Me har vore på konsertar med artistar som syng på dialekt, til redusert pris for medlemma våre. Førre studieår var me på Valkyrien Allstars og Hopalong Knut.

  • Me hadde DjAasen på Heilhus på Kvarteret, eit særs godt vitja dansegolv kor det gjekk i fengande, norsk musikk.

  • Me laga ei syrleg og sarkastisk nynorsk-avis, Dagverd. Berre for kjekt.

  • Me er alltid særs godt representerte på andre mållagstilskipingar, frå dei lokale nynorskbarane til Bergen mållag, til årsmøter, haustkonferansar, og sumar- og vinterleirar i Norsk Målungdom. Me liker å følgja med, og vera der det skjer!

…og det er sjølvsagt me som har laga desse klistremerka.

Kva vil me gjera i haust? Fyrst: me vil planleggja hausten saman med våre nye medlem, og dei som kanhenda vil verta med i laget. Difor har me tenkt at den fyrste hendinga i vår skal vera ein pønskarkveld, kor me møtest for å dela visjonar og idéar for hausten med kvarandre. Når me har gjort dette ei stund, tenkte me å avslutta kvelden med å sjå «Få meg på for faen» (Etter boka av Olaug Nilssen) på kino. Me betaler for medlem, og tilfeldigheitane vil ha det til at filmen er dyrare enn oss. Kvelden det skjer: torsdag 8. september, følg med på facebooksida og bloggen vår for nærare informasjon om tid og stad.

Dinest vil me gjerne føra vidare det beste frå i fjor; det er soleis utsikter til fleire norske konsertopplevingar, eit nytt suksess-Heilhus, kanskje meir avis, og like massiv deltaking på andre mållagstilskipingar. Sist me møttest spekulerte me òg i å ha eit nynorsk ete- og drikkegilde (kor me altså hiv innpå mat frå produsentar som nyttar nynorsk. Eit raskt oversyn over slike tyder på at det vil gå mest i øl, iskrem, saft og syltety denne kvelden. Det kan berre verta bra).

Til sist, og veldig veldig viktig, vil me seia at det ikkje er naudsynt at du er aktiv, sjølv om du er med i laget. Me er ein flott gjeng som er aktive og liker å skipa til ting, skriva lesarbrev og reisa på årsmøte, og det er sjølvsagt plass til fleire i denne gjengen. MEN du er like bra som denne gjengen om du ikkje liker desse tinga – berre liker nynorsk og vil vera med i eit mållag for å syna det. Me treng deg fordi me vil verta mange, slik at argumenta våre veg tyngre når det trengst («over 100 studentar meiner dette»), fleire medlem gjev også større økonomisk fridom – kanskje det likevel dukkar opp ei hending du kunne tenkja deg å gå på? Og aller viktigast: me er studentmållaget i Bergen. Me er nøydde til å verta større enn Oslo!

Posted in Info | Leave a comment

Studiestart 2011: Nynorsk smakar betre!

I år som tidlegare år stilte SmiB på studiestarttilskipingane til Universitetet og Høgskulen i Bergen. Me hadde smått med tilfang (korttilgangen til kontoret var som vanleg vorten stengd over sumaren) men jamna ut med enorm entusiasme, bokstavkjeksskilt og muffins. Dette likte dei nye studentane. Sjølve hadde me stasa oss opp i “eg <3 nynorsk”-skjortene våre. Dei nye studentane likte dei òg.

Bilete av det innbydande bordet vårt. Foto: Universitetet i Bergen.

Etter desse tilskipingane har laget fenge 10 nye medlem – hjarteleg velkomne skal de vera! I tillegg til desse var oppunder hundre studentar lystne på å få vita meir om oss, og skreiv seg opp på e-postlistene våre (det gilde, gule og fullskrivne arket du ser fremst på bordet). Sidan interessa var sopass stor, hadde me i går eit lite spontanmøte for å pønska ut kva den fyrste SmiB-hendinga dette semesteret skal vera. Me kan seia so mykje at ho er kjekk og sosial, heilt utan innslag av møteverksemd, og vil finna stad torsdag i veke 36. Meir informasjon kjem over helga! Fleire bilete frå studiestart kjem òg.

Posted in Hendingar | Tagged , , , , | 1 Comment

Vaflar i mai; hug, elsk og Aasen!

Torsdag 12. mai var ein dag for vaflar og verving, denne gongen utanføre SV-bygget. Vaflane var ein suksess som alltid, men nye medlem vart det lite av. I minsto har fleire studentar fenge vita um oss, ikkje berre dei nynorskvenlege HF-arane me vanlegvis dreg til oss. Me fekk mykje godhug frå samfunnsvitarane òg! Her er nokre glimt frå hendingi

Hug, elsk og Aasen – kjekke karar med fine skjorter!

GOD stemning når Odin greier ut um alle dei ubrukelege variablane som var dregne inn i dei “vellukka” fritak-frå-sidemål-prosjekta i hovudstaden.

Her byrjar det å likna på noko! Eit lite vekkjingsmøte, kan henda.

Me feira at jamstillingsvedtaket var 126 år 12. mai, og delte ut dei siste Dagverda våre.

Desse fine damene frå Samlaget lika tiltaket vårt, men ville ikkje ha vaflar. Rykte skal ha det til at dei skal skriva bok um ossvaflar, det er nok difor dei tek bilete.

Posted in Hendingar | 3 Comments

Landsmøte i Noregs Mållag

Me leigde bil og drog på landsmøte i Noregs Mållag 8.-10. april på Sand i Suldal.

Landsmøtet var på Sand på grunn avslutninga av det superlange Rasmus Lølande-jubileet (fem år!).

Frå SmiB sende me, Odin, Helene og Martine. I tillegg var Martin tilstades, men då for Hordaland Mållag.

Elles drøsa me godt med Studentmållaga i Oslo og Kristiansand. Nidaros var fråverande.

Posted in Hendingar | Tagged , , , | 1 Comment

Pakka og sendt Nei takk-klistremerke

Då har me starta på den ganske store bakloggen av klistremerketingingar. Me har nett brukt 2000 kroner på porto for Dagverd, og no held me fram å spytta inn ein heil del hundrelappar i den gratis klistremerkesendingi vår.

Omlag 1 av 20 gjev oss ein donasjon på rundt 100 kr, og det hjelper på slik at me ikkje går so ekstremt mykje i minus. Kvar sending kostar oss frå 20 til 40 kroner. Dessutan hjelper sjølvsagt dei små donasjonane òg.

Det kulaste er likevel at me får spreidd ein heil haug klistremerke rundtom i Noregs land, og eg vonar dei som tek mot klistremerka våre faktisk er flinke til å bruka kvart einaste merke. At dei ikkje vert liggjande heime, men vert spreidd dei vidare til naboar, vener og kjende.

Me har matpakkesamlinger på tysdagar og torsdagar no. Torsdag kl. 12, tysdagane er ikkje tid spikra enno. Send ein epost til smib@nynorsk.no so minner me deg på samlingane. I dag var me 5 stykk, so pakkingi gjekk fort heilt til me ikkje hadde fleire konvoluttar att. So me får pakka resten neste tysdag, då!

Posted in Tilfang | Tagged , , , , | Leave a comment

Hopalong Knut-sponsing

HOPLAONG KNUT (som vann dialektprisen til NMU i 2006) speler på Hulen på fredag. Det kostar 160, men SmiB sponsar ein grei del av det sidan dei vann dialektprisen «vår». :-)

Me har ein avslappa førfest hjå Ida Haugum som bur rett ved Hulen. Kom innom der kl. 20 for å få rabatt og lada opp. Ingen av oss bit. Send sms til 93 24 37 25 (obs, eg skreiv feil nummer i eposten) viss du tenkjer koma (eller epost).

Kart

LANDSMØTET til NMU er ferdig. Me dreg på Noregs Mållag sitt i Suldal 8.-10. april.

DAGVERD er laga til, og det har du truleg fått i posten.

MATPAKKESAMLING på torsdag (i morgon). Kl. 12 i kantina på studentsenteret. Me må pakka klistremerkesendingar (eg tek med klistremerke og brev, friviljugt arbeid altso). Ring/SMS 93 24 37 25.

NYNORSKHEFTE. Kristin Fridtun i Studentmållaget i Nidaros har laga eit hefte om nynorsk målføring, spesielt mynta på studentar. Flippbok eller PDF

KVISS. Kvissen med Helge Jordal var so inst bra at me tenkjer på å laga til fleire.

STIPEND/PENGAR. Skriv du fagbok på nynorsk? Skuleboknemndi har ein pris på 100.000 kr for arbeid med slikt! http://skuleboknemndi.no/nynorsk-fagbokpris/

Dersom det er for mykje for deg, so kan alle studentmållagsmedlem søkja skuleboknemndi om utviklingsstøtte til skulebøker på nynorsk. Små og store prosjekt.

Posted in Medlemspost | Leave a comment

SmiB i Studvest

Studvest skreiv ei sak om Rammsund som hadde sin siste konsert i Bergen.

Eg fekk ein telefon for to dagar sidan og vart spurt om å koma med ein kommentar til at «Rammsund har sagt nynorsken har eit imageproblem».

Frå Ram svanesong i Studvest:

Odin Hørthe Omdal, leiar av Studentmållaget i Bergen, har berre gode ord å sei om bandet.

– Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier han, og fortel at studentmållaget også har spandert billettar til Rammsund-konsertar på medlemmane sine.

Eg hadde nok aldri sagt nett det, men det er no ei slags omskriving av noko eg sa med fleire ord. Dessutan legg eg aldri ordet ­«målform» i min munn, og kallar nynorsken eit eige språk slik han òg er.

Men i det heile teke ei koseleg og fin sak av Studvest, og moro at dei spurte oss om meininga vår.

Posted in Info | Leave a comment
  • Meld deg inn

    Du kan melda deg inn i SmiB hjå Norsk Målungdom (skriv SmiB i frifeltet).

  • Gratis Nei takk- klistremerke

  • Syrleg-sarkastisk nynorskavis

    Me har laga ei syrleg og sarkastisk nynorskavis, Dagverd.